BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
METHOD:PUBLISH
CALSCALE:GREGORIAN
PRODID:-//WordPress - MECv7.12.1//EN
X-ORIGINAL-URL:https://bypatrioten.com/
X-WR-CALNAME:Bypatrioten
X-WR-CALDESC:For en bedre by
REFRESH-INTERVAL;VALUE=DURATION:PT1H
X-PUBLISHED-TTL:PT1H
X-MS-OLK-FORCEINSPECTOROPEN:TRUE
BEGIN:VEVENT
CLASS:PUBLIC
UID:MEC-2804d14b1b70880c48b4cd4882e23ee0@bypatrioten.com
DTSTART:20250524T160000Z
DTEND:20250524T173000Z
DTSTAMP:20250312T204500Z
CREATED:20250312
LAST-MODIFIED:20260608
PRIORITY:5
SEQUENCE:1
TRANSP:OPAQUE
SUMMARY:Til fyret – ein tverrkunstnarisk konsert
DESCRIPTION:Til fyret – ein tverrkunstnarisk konsert\n\nKva er eit fyr? Eit høgreist byggverk med mekaniske og elektroniske innretningar for å markere skipsleia for båtar som siglar i mørkret. Men dette vakre byggverket er også ein viktig identitetsmarkør for dei som bur i nærleiken. Fyret har dessutan ei sterk symbolsk kraft som heng saman både med estetikk, plassering og funksjon. Fyret representerer ei rekkje med kontrastar: mellom land og hav, lys og mørker, tryggleik og fare.\n\nDenne fleirsidige symbolikken står i fokus for fire konsertar l løpet av 2025. Den første går av stabelen under Kystkulturdagen på Ona 3. mai, dei to neste skjer siste helga i mai, på Alnes fyr og opplevelsessenter (laurdag) og på Runde miljøsenter (søndag). Den fjerde konserten er lagd til Dalsfjord fyrmuseum i september.Utøvarane er Geir Hjorthol (trompet, elektronikk), Robert Løkketangen (gitarar, elektronikk) og Andreas Barth (trommer, perkusjon). Dette er musikarar med mange års erfaring med komponert og improvisert musikk, dels i samarbeid med kvarandre, dels i andre konstellasjonar. Musikken er har eit sterkt innslag av improvisasjon, med element frå jazz, folkemusikk og samtidsmusikk.Samtidig er trioen open for å samarbeide med utøvarar innanfor andre uttrykksformer, som når dei i dette prosjektet går i kompaniskap med forfattar Kirsti Mathilde Thorheim og naturfotograf Gunnar Wangen. Resultatet er ei tverrkunstnarisk framsyning der musikk, bilde og tekst smeltar saman til ei heilskapleg form, med fyret som gjennomgangsmotiv.\n
URL:https://bypatrioten.com/event/til-fyret-ein-tverrkunstnarisk-konsert/
ORGANIZER;CN=Alnes Fyr og Opplevelsessenter:MAILTO:post@alnesfyr.no
CATEGORIES:Kultur,Musikk
LOCATION:Alnesgard, 6055 Godøya
END:VEVENT
END:VCALENDAR
