BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
METHOD:PUBLISH
CALSCALE:GREGORIAN
PRODID:-//WordPress - MECv7.12.1//EN
X-ORIGINAL-URL:https://bypatrioten.com/
X-WR-CALNAME:Bypatrioten
X-WR-CALDESC:For en bedre by
REFRESH-INTERVAL;VALUE=DURATION:PT1H
X-PUBLISHED-TTL:PT1H
X-MS-OLK-FORCEINSPECTOROPEN:TRUE
BEGIN:VEVENT
CLASS:PUBLIC
UID:MEC-e9cc59a8f0b79cb0aebf8d854a0ba4d2@bypatrioten.com
DTSTART:20241110T180000Z
DTEND:20241110T191500Z
DTSTAMP:20240820T103700Z
CREATED:20240820
LAST-MODIFIED:20260608
PRIORITY:5
SEQUENCE:3
TRANSP:OPAQUE
SUMMARY:Konsert med vokalkvartetten Smyr
DESCRIPTION:Vokalkvartetten Smyr består av Kristin Eidhamar Næss, Anne Birte Bjørdal Hanken, Ingvild Drønnen og Gunhild Marie Roald, alle frå Ålesund. Smyr sin eigenkomponerte musikk rører seg i landskapet mellom gregoriansk song, folkemusikk, jazz og kyrkjemusikk, og dei nynorske tekstane ber preg av mennesket si evige søking etter seg sjølv i møte med andre, med naturen og med det guddommelege.Under konserten i Borgund kyrkje tar Smyr publikum med inn i sitt musikalske og tekstlege univers i ein meditativ time med vakre, men også utfordrande, vokalklangar og rytmebilete. Dei siste åra har Smyr arbeidd med å komponere si eiga messe, kor dei i stor grad bringer inn eigne tekstlege tolkingar av dei fem messeledda Kyrie, Gloria, Credo, Sanctus og Agnus Dei. Denne messa vil for første gong bli framført i sin heilskap under konserten i Borgund, i tillegg til utvalde songar frå Smyr sitt rikhaldige repertoar.I messetekstane samanføyest det konkrete og det eksistensielle, det evige og det tidsaktuelle. Naturen skildrast med sine fjordar og vidder, ørkensand og fossar, stjerner og måneskin, medan menneska vekslar mellom hjelpeløyse og handlekraft, desperasjon og håp, fortviling og tru. Bak alt dette står skaparen og oppretthaldaren og gir liv, lys og kraft. Ålesundaren Torbjørn Akslen har bidratt på fleire av tekstane.I nærmare tre tiår har Smyr gjesta ei rekke kyrkjer og konsertscener, i tillegg til meir utradisjonelle arenaer som skogs-scener, fabrikkar og ein sildoljetank – alltid på jakt etter klangen som best mogleg får fram den unike kombinasjonen av dei fire stemmene. Kvartetten har gitt ut to album: «St. Sunniva» (2003) og «Vandring» (2010), sistnemnde med kristiansundaren Steinar Løberg Værnes på trompet/elektronikk.\n\n
URL:https://bypatrioten.com/event/konsert-med-vokalkvartetten-smyr/
ORGANIZER;CN=Internasjonale Kyrkjekonsertar i Ålesund:MAILTO:
CATEGORIES:Kultur,Musikk
LOCATION:Borgundgavlen 30, 6015 Ålesund
END:VEVENT
END:VCALENDAR
