BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
METHOD:PUBLISH
CALSCALE:GREGORIAN
PRODID:-//WordPress - MECv7.12.1//EN
X-ORIGINAL-URL:https://bypatrioten.com/
X-WR-CALNAME:Bypatrioten
X-WR-CALDESC:For en bedre by
REFRESH-INTERVAL;VALUE=DURATION:PT1H
X-PUBLISHED-TTL:PT1H
X-MS-OLK-FORCEINSPECTOROPEN:TRUE
BEGIN:VEVENT
CLASS:PUBLIC
UID:MEC-1789250aaf0335d750de2acf2faa707d@bypatrioten.com
DTSTART:20240427T160000Z
DTEND:20240427T180000Z
DTSTAMP:20240413T092300Z
CREATED:20240413
LAST-MODIFIED:20260608
PRIORITY:5
SEQUENCE:2
TRANSP:OPAQUE
SUMMARY:60-Talet // hits & slagere
DESCRIPTION:\nI denne innhaldsrike showkonserten tek vi deg med tilbake til 60-talet. Korps band og vokalistar presenterer hits og slagarar frå heile tiåret, krydra med ein god dose humor. Her får du høyre alt frå søt popmusikk, til Beatles og Rolling Stones.\nHer kjem hits & slagere som:\nTwist and Shout, Itsy Bitsy Teenie, Crying in the rain, Oh, Pretty woman, I can’t get no satisfaction og mykje meir.\nBremanger Musikklag har hatt stor suksess med 60-talsprosjektet. I Ålesund har dei fått med seg Vigra og Valderøy ungdomsmusikk og Blindheim musikklag. Sjølvsagt er Terje Tafjord dirigent. Idar Torskangerpoll har arrangert det meste av musikken, for korps, vokal og band. Vokalistar frå venstre på biletet: Elisabeth Solbakken, Hilde Hauge, Trond Strand, Martin Igland, Monica Liset Hauge, Norvall Klungresæter. Bassgitar: Roger Igland, Tangent: Erlend Eidsvik\nBREMANGER MUSIKKLAG\ner eit korps som går utradisjonelle vegar. Musikklaget består av omlag 30 medlemmar i alderen 29 til over 70 år. Dei har hatt fleire liknande oppsetjingar med musikk frå blant anna ABBA, Elton John og «Frå Cash til Springsteen», og har hatt stor suksess med sine konsert-turnear rundt om i fylket. Fleire gonger har dei også fylt Grieghallen med sine show.\nVIGRA OG VALDERØY UNGDOMSMUSIKK (VVUM)\nDirigent er Terje Tafjord.\nKorpset har janitsjarbesetning og ca 25 medlemmar frå 15 år til over pensjonsalder. Valderøy Ungdomsmusikk vart starta i 1964 og slått saman med eit ”salongorkester” frå Vigra i 1969. Dei spelar variert musikk innan dei fleste musikksjangre. Jazz, swing, rock, populærmusikk m.m, og har lave skuldrar og godt humør på øvingane sine.\nBLINDHEIM MUSIKKLAG – Eit sosialt voksenkorps i indre bydel i Ålesund.\nDirigent Roar Gangstad.\nKorpset har janitsjarbesetning, og vel 30 aktive medlemmar. Musikklaget vart starta i 2008 og har som formål å ha ein sosial profil og fremme interesse for – og utøving av musikk. Laget skal også vere støtte for Blindheim Skolekorps.\n
URL:https://bypatrioten.com/event/60-talet-hits-slagere/
ORGANIZER;CN=Parken kulturhus:MAILTO:billett@alesund.kommune.no
CATEGORIES:Barn,Familie,Kultur,Musikk,Senior,Student,Ungdom,Voksen
LOCATION:Parkgata 3B, 6003 Ålesund
END:VEVENT
END:VCALENDAR
