BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
METHOD:PUBLISH
CALSCALE:GREGORIAN
PRODID:-//WordPress - MECv7.12.1//EN
X-ORIGINAL-URL:https://bypatrioten.com/
X-WR-CALNAME:Bypatrioten
X-WR-CALDESC:For en bedre by
REFRESH-INTERVAL;VALUE=DURATION:PT1H
X-PUBLISHED-TTL:PT1H
X-MS-OLK-FORCEINSPECTOROPEN:TRUE
BEGIN:VEVENT
CLASS:PUBLIC
UID:MEC-e51ada1e23f810eb1b51a18bb6825f85@bypatrioten.com
DTSTART:20240319T180000Z
DTEND:20240319T193000Z
DTSTAMP:20240227T220500Z
CREATED:20240227
LAST-MODIFIED:20260608
PRIORITY:5
SEQUENCE:4
TRANSP:OPAQUE
SUMMARY:Påfyll: Populærvitskapleg matprat på menyen i Ålesund
DESCRIPTION:Det populærvitskaplege talkshowet Påfyll gir ordet til smarte folk. Tysdag 19. mars er kvelden komen for servering av kunnskap frå forskarar frå SINTEF og Møreforsking. Dei skal snakke om maten vår i framtida, og kvifor vi kjem til å dyrke, avle og ete den.\nNÅR?\nDørene opnar den aktuelle kvelden – 19. mars – klokka 18:00. Programmet startar klokka 19:00. Billettar blir lagt ut om kort tid.\n\nTEMA:\nHar du tenkt over kva du legg i handlekorga eller kva du åt til frukost laurdag? Har du prøvd nye ingrediensar og matvarer i det siste? Mykje av framtidsmaten er her alt.\nTysdag 19. mars, i foajeen på Parken kulturhus, skal vi snakke om blant anna mat, matproduksjon og forbruksvanane våre. Eit par tips til smarte grep på neste handletur kjem som krydder gjennom samtalane på scena.\nSnart skal du få bli kjent med dei tre som skal i samtale i sofaen.\nDESSE STÅR BAK:\nPåfyll blir til i samarbeidet mellom NTNU, SINTEF, Møreforsking, Helse Møre og Romsdal HF, Atlanterhavsparken og Ålesund kommune. Det er desse som finn forskarar som formidlar innan ulike samfunnsaktuelle tema.\n– Universitetet og andre forskingsaktørar har ei viktig oppgåve med å bidra til formidling av kunnskapsutviklinga som vert utført. Vi har eit felles ynskje om å få fram meir av den spennande forskinga som skjer lokalt og vi vil vise fram Ålesund som kunnskapsby , seier viserektor Anne-Lise Sagen Major. Ho er svært glad for den gode mottakinga og dei fine tilbakemeldingane som konseptet har fått.\n– Under lanseringa, 5. februar, var temaet kunstig intelligens. Målet er å få til noko varig og planlegginga for det tredje Påfyll den 24. april er alt godt i gang, fortel ho.\nKONSEPTET:\nPåfyll gir fakta, populærvitskaplege aha-opplevingar, stoltheit og håp i løpet av 90-120 innsiktsfulle kveldsminutt på Parken kulturhus i Ålesund.\nGjennom talkshowformatet får du formidling og diskusjon om eitt aktuelt tema. Du får nærkontakt med dei som kan temaet frå ulike perspektiv, ein programleiar og artistinnslag.\nMålet er eit meir opplyst og kunnskapsbasert offentleg ordskifte. Her blir du presentere den spennande forskinga som foregår i regionen og vi viser fram Ålesund som kunnskapsby. Det blir minst tre arrangement i løpet av våren 2024 og fleire til hausten.\nSAMARBEIDSPARTNARAR:\nNTNU, SINTEF, Møreforskning, Helse Møre og Romsdal HF, Atlanterhavsparken, Ålesund kommune, Framtidslaben, The North West og Parken kulturhus.\nSPONSOR: Sparebanken Møre\n
URL:https://bypatrioten.com/event/pafyll-smarte-folk-om-kunstig-intelligens-derfor-ma-du-bry-deg-139/
ORGANIZER;CN=Parken kulturhus:MAILTO:billett@alesund.kommune.no
CATEGORIES:Familie,Samfunn,Samtale/debatt,Senior,Student,Underholdning,Ungdom,Voksen
LOCATION:Parkgata 3B, 6003 Ålesund
END:VEVENT
END:VCALENDAR
