BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
METHOD:PUBLISH
CALSCALE:GREGORIAN
PRODID:-//WordPress - MECv7.12.1//EN
X-ORIGINAL-URL:https://bypatrioten.com/
X-WR-CALNAME:Bypatrioten
X-WR-CALDESC:For en bedre by
REFRESH-INTERVAL;VALUE=DURATION:PT1H
X-PUBLISHED-TTL:PT1H
X-MS-OLK-FORCEINSPECTOROPEN:TRUE
BEGIN:VEVENT
CLASS:PUBLIC
UID:MEC-26f8d3e96979057b2627fd1408023128@bypatrioten.com
DTSTART:20240307T080000Z
DTEND:20240307T150000Z
DTSTAMP:20240216T105400Z
RDATE;VALUE=PERIOD:20240307T080000Z/20240307T150000Z,20240308T080000Z/20240308T150000Z
CREATED:20240216
LAST-MODIFIED:20260608
PRIORITY:5
SEQUENCE:1
TRANSP:OPAQUE
SUMMARY:Foreldrekurs i Emosjonsfokusert ferdigheitstrening
DESCRIPTION:Synest du, som mange andre, at foreldrerolla kan vere strevsam? Dette praktiske kurset er for deg som ønsker å øve på korleis du best kan møte ditt barn sine følelsar. Kurset går over to dagar.\nÅ vere forelder er ei utfordrande oppgåve! Det er ein stor jobb å skulle handtere eit barn sine følelsar samtidig som ein handterer sine eigne. Når følelsar ikkje blir handterte på ein god måte kan familiar kome inn i vanskelege mønster og krevjande livssituasjonar, som tærer på energi og livskvalitet.\nBarnet kan bli sint, stille, engsteleg, deprimert, utagerande, skamfullt eller på ulike vis utfordre grensene som foreldra ønsker å sette. Foreldra kan igjen bli sinte, fortvila, bekymra for framtida, føle avsky ovanfor barnet si atferd eller bli overdriven ettergivande eller strenge. Vi kan bli dårlege utgåver av oss sjølve og mislike oss sjølv som forelder. Uansett kva for mønster dykkar familie er i, kan ein gjere noko med det. Vi veit at alle foreldre vil, og vi trur alle kan.\nEmosjonsfokusert ferdigheitstrening\nPå dette 2-dagarskurset får du ei innføring i fire sentrale ferdigheiter for følelsesbevisste foreldre. Ferdigheitene tar utgangspunkt i metoden Emotion Focused Skills Training for Caregivers (EFST), som er ein anerkjent vitskapleg metode for å handtere følelsar i foreldrerolla.\nDesse ferdigheitene er:\n\nEmpatisk validering: Korleis møte eit barn sine følelsar på ein god måte, som lærer barnet ditt å forstå, tole, kunne handtere og ikkje skamme seg over eigne følelsar?\nGrensesetting: Koleis kunne sette grenser for barnet ditt på ein sunn og fleksibel måte?\nReparasjon: Korleis reparere med barnet ditt og seie unnskyld når du har gjort noko dumt eller feil som barnet ditt har fått vondt av?\nHandtering av eigne følelsar: Korleis kan dine eigne følelser og emosjonelle sår stå i vegen for at du får gjort det beste for barnet ditt, og korleis komme over det?\n\nKurset er opplevingsbasert, med ei blanding av teori, øvingar og eigenarbeid.\nPraktisk informasjon\nTid: Torsdag 7. mars kl. 9-16 og fredag 8. mars kl. 9-16. (Merk! Du må ha anledning til å ta del på begge dagane for å kunne melde deg på.)\nStad: Ålesund rådhus, 4. etg. (over biblioteket), møterom 463.\nPris: Gratis\nKurshaldarar:\n\nIngrid Myklebust Skjelten, familieterapeut ved ressursbasen i Haram kommune\nTine Cicilie Kopperstad, psykolog ved helsestasjonstenesta i Ålesund kommune\n\nVi har plass til 14 kursdeltakarar. Barn skal ikkje delta eller vere med på kurset.\nDet blir servert kaffi, te og vatn og litt snacks i pausene, men alle må ta med eigen nistepakke til lunsjen.\n
URL:https://bypatrioten.com/event/foreldrekurs-i-emosjonsfokusert-ferdigheitstrening/
ORGANIZER;CN=Ålesund kommune:MAILTO:postmottak@alesund.kommune.no
CATEGORIES:Familie,Kurs
LOCATION:Keiser Wilhelms gate 11, 6003 Ålesund
END:VEVENT
END:VCALENDAR
