BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
METHOD:PUBLISH
CALSCALE:GREGORIAN
PRODID:-//WordPress - MECv7.12.1//EN
X-ORIGINAL-URL:https://bypatrioten.com/
X-WR-CALNAME:Bypatrioten
X-WR-CALDESC:For en bedre by
REFRESH-INTERVAL;VALUE=DURATION:PT1H
X-PUBLISHED-TTL:PT1H
X-MS-OLK-FORCEINSPECTOROPEN:TRUE
BEGIN:VEVENT
CLASS:PUBLIC
UID:MEC-2aca752107ac2bde4cd02805118de503@bypatrioten.com
DTSTART:20241026T170000Z
DTEND:20241026T181500Z
DTSTAMP:20231203T194900Z
RDATE;VALUE=PERIOD:20241026T170000Z/20241026T181500Z,20241026T190000Z/20241026T201500Z
CREATED:20231203
LAST-MODIFIED:20260608
PRIORITY:5
SEQUENCE:3
TRANSP:OPAQUE
SUMMARY:Are Kalvø: Berre bønder lengtar heim
DESCRIPTION:Are Kalvø har vore komikar i ganske mange år. Han har levd i endå fleire år. Og i alle dese åra er det ein konflikt som alltid vender tilbake: By mot land.\nSlike konfliktar har skapt dårlig stemning så lenge Kalvø har levd, på ulike måtar, både i Norge og i andre land: Sentrum mot utkant. Elite mot folk.\nTida er inne for å legge desse konfliktane bak oss og heller bruke tida vår på å løyse dei store problema i verden.\nTida er inne for å bygge bru mellom by og land. Og bli ferdig med dette, ein gong for alle.\n\nOg kven er vel ein meir naturlig brubyggar enn nettopp Are Kalvø? Han har eitt bein i kvar leir. Han vaks opp på bygda, han bur i by. Han er ein storbyelskar som skriv nynorsk og snakkar dialekt. Han kan forstå og snakke med begge sider. Kanskje til og med like begge sider.\n\nFor å verkelig sette seg inn i kva slike konfliktar handlar om, har Kalvø budd i ein månad i Europas største by London, ein bråkete, forvirrande, sjølvfornøgd og altfor stor metropol i elitetenkingas heimland, og ein månad i Norges minste kommune Utsira, ei øy utan fastlandsforbindelse, med to hundre innbyggarar på ein god dag, og stort sett stiv kuling.\n\nHan har levd med veganarar med sykkelhjelm og fiskarar med termodress, han har snakka om motor og moderne dans, han har mista ferjer og håp. Men han har klart seg. Og han har gjort det for oss.\n\nNo er han tilbake for å fortelje. Og bygge bru. Og viss ikkje det går, for å slå fast ein gong for alle: Kva er best, by eller land?\n\nAre Kalvø har skrive og framført humor og satire på mange ulike måtar i mange år. Han har turnert kulturhus-Norge før, og liker det svært godt, med sine tre soloforestillingar «Kalvø – ein time av livet du aldri får tilbake»(Komiprisen 2015), «Toppar VG-lista» og «Hyttebok frå helvete», basert på boka med same namn, som toppa bestseljarlistene i Norge i tretti veker og er omsett til tolv språk. Han har også skrive fleire andre storseljande humorbøker, som «Syden», «Harry» og «Bibelen 2».\n\nAre Kalvø gleder seg hemningslaust til endelig å legge ut på ein turné med stoff som faktisk handlar om absolutt alle plassane han er innom på turneen.\n\nFoajeen med barservering opnar ein time før show.\n
URL:https://bypatrioten.com/event/are-kalvo-berre-bonder-lengtar-heim/
ORGANIZER;CN=Parken kulturhus:MAILTO:billett@alesund.kommune.no
CATEGORIES:Humor,Show,Standup,Underholdning
LOCATION:Parkgata 3B, 6003 Ålesund
END:VEVENT
END:VCALENDAR
