BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
METHOD:PUBLISH
CALSCALE:GREGORIAN
PRODID:-//WordPress - MECv7.12.1//EN
X-ORIGINAL-URL:https://bypatrioten.com/
X-WR-CALNAME:Bypatrioten
X-WR-CALDESC:For en bedre by
REFRESH-INTERVAL;VALUE=DURATION:PT1H
X-PUBLISHED-TTL:PT1H
X-MS-OLK-FORCEINSPECTOROPEN:TRUE
BEGIN:VEVENT
CLASS:PUBLIC
UID:MEC-700fe688ff2970d633ff04c9b7f7cdd4@bypatrioten.com
DTSTART:20231205T170000Z
DTEND:20231205T183000Z
DTSTAMP:20231118T154900Z
CREATED:20231118
LAST-MODIFIED:20260608
PRIORITY:5
SEQUENCE:1
TRANSP:OPAQUE
SUMMARY:Livet bak tallene – føredrag og samtale om familiefattigdom
DESCRIPTION:Ålesund bibliotek og Kirkens Bymisjon har eit samarbeid om ein serie bokbad der me ønskjer å trekkje fram litteratur som bidreg i samfunnsdebatten om fattigdom og utanforskap blant barn og ungdom.\n\nTysdag 5. desember kjem forfattar Karin Gustavsen til Ålesund bibliotek, og ho vil fortelje frå boka «Livet bak tallene. Dårlige levekår og fattigdom i barnefamilier sett innenfra og hva vi kan gjøre”. I forlenginga av dette, vil også lokale fagfolk inviterast til å reflektere rundt utfordringar og tiltak knytt til familiefattigdom, og det vil bli høve til å stille spørsmål frå salen.\n\nSjølv om Noreg er eit rikt land, er det likevel foreldre som har så lite pengar at det kan gå utover barna. I Noreg lever over 110 000 barn i hushald med vedvarande låg inntekt. «Livet bak tallene» gir kunnskap om kva sosiale forskjellar og dårlege levekår er, kva levekårsstress over tid kan medføre for barnefamiliar og korleis det påverkar kvardagsliv og framtidsmoglegheiter. Boka er eit bidrag i å få bukt med den aukande sosiale forskjellen og fattigdommen i Noreg. Boka peikar på måtar der me kan endre utviklinga, og trekkjer mellom anna fram døme på korleis Nav og kommunar kan jobbe for å betre levekår i barnefamiliar.\n\nKarin Gustavsen er førstelektor og utdanna sosionom, sosiolog/cand.polit. Ho har lang erfaring frå offentleg forvaltning, samfunnsforsking, undervisning, leiing og fagutvikling. Ho er for tida seniorrådgivar/samfunnsvitar ved KORUS Sør i tillegg til å vera frilansar.\n
URL:https://bypatrioten.com/event/livet-bak-tallene-foredrag-og-samtale-om-familiefattigdom/
ORGANIZER;CN=Ålesund bibliotek:MAILTO:mailto:alesund.bibliotek@alesund.kommune.no
CATEGORIES:Foredrag,Samfunn
LOCATION:Keiser Wilhelms gate 16, 6003 Ålesund
END:VEVENT
END:VCALENDAR
