BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
METHOD:PUBLISH
CALSCALE:GREGORIAN
PRODID:-//WordPress - MECv7.12.1//EN
X-ORIGINAL-URL:https://bypatrioten.com/
X-WR-CALNAME:Bypatrioten
X-WR-CALDESC:For en bedre by
REFRESH-INTERVAL;VALUE=DURATION:PT1H
X-PUBLISHED-TTL:PT1H
X-MS-OLK-FORCEINSPECTOROPEN:TRUE
BEGIN:VEVENT
CLASS:PUBLIC
UID:MEC-43e0f65fa19829c2ba10cc1e04f6b147@bypatrioten.com
DTSTART:20231104T110000Z
DTEND:20231104T123000Z
DTSTAMP:20231031T194100Z
CREATED:20231031
LAST-MODIFIED:20260608
PRIORITY:5
SEQUENCE:1
TRANSP:OPAQUE
SUMMARY:INTRO – Opera-Markus til alle!
DESCRIPTION:INTRO har denne gongen den store gleda av å invitere til eit varmt og nært møte med den strålande operasongaren Markus Bjørlykke frå Hareid. Han er ein utruleg dyktig og sjarmerande songar med eit herleg glimt i auge som vi vil at alle, uansett alder, skal få oppleve.\nMarkus er det vi kallar ein lyrisk tenor, som betyr at han syng dei vakraste songane med dei lysaste tonane på ein mjuk og behageleg måte. Så om du er 3 år eller 80 år så kjem denne karen til å få håra på arma til å reise seg. Med sin allsidige bakgrunn syng han alt frå Røvervisa frå Kardemommeby til Phantom of the Opera!\nMed seg på piano har han dyktige Johan Sewerin, lektor i piano ved Ålesund kulturskule. Sewerin er ein mykje nytta akkompagnatør i vår region. Dei to har gjort fleire oppdrag i lag tidlegare og dei gler seg til å spele for publikum denne laurdagen.\n——-\nINTRO tilbyr verkeleg gode og spennande konsertopplevingar gjennom året, for heile familien. Vi brenn for at alle skal få høyre, sjå og oppdage musikk i alle sjangrar. Det finst så mange ulike instrument, så mykje forskjellig musikk og så mange knallflinke musikarar å bli kjend med, og vi vil invitere dykk med. Ingen forkunnskap trengs, berre sett av formiddagen og kom. Her er alltid god stemning og mykje latter. Og så serverer vi laurdagsgraut etter konserten. Alt gratis, så klart!\nTakk til våre støttespelarar Sparebanken Møre, Møre og Romsdal fylkeskommune og Norsk kulturråd som gjer INTRO mogleg.\n——-\n MEIR OM MARKUS BJØRLYKKE:\nFullførte mastergrada si ved Operahøgskolen på Kunsthøgskolen i Oslo i 2022, med Solveig Kringlebotn som songlærar. Etter endt utdanning frå Musikkteaterhøyskolen i 2018 debuterte han i rolla som Ubaldo Piangi i Norgespremiera av Phantom of the Opera på Folketeateret. Markus er ein etterspurd songar med ei rekke oppdrag for mellom anna Folketeateret og Bergen Nasjonale Opera. Han har mottatt fleire stipend for å halde fram med å utvikle sitt talent.\nSist vi fekk oppleve Markus her på Skodje var på Bruvandringa under årets Fjord Cadenza og han har vore med på tidlegare Cadenzaer, både på Operapub og som instruktør for Songskulen. Denne gongen er det Markus som skal få skine i eigen person. Dette vil du ikkje gå glipp av!\n
URL:https://bypatrioten.com/event/intro-opera-markus-til-alle/
ORGANIZER;CN=Fjord Cadenza:MAILTO:post@fjordcadenza.com
CATEGORIES:Barn,Familie,Kultur,Musikk,Senior,Student,Ungdom,Voksen
LOCATION:Stadionvegen 25, 6260 Skodje
END:VEVENT
END:VCALENDAR
