BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
METHOD:PUBLISH
CALSCALE:GREGORIAN
PRODID:-//WordPress - MECv7.12.1//EN
X-ORIGINAL-URL:https://bypatrioten.com/
X-WR-CALNAME:Bypatrioten
X-WR-CALDESC:For en bedre by
REFRESH-INTERVAL;VALUE=DURATION:PT1H
X-PUBLISHED-TTL:PT1H
X-MS-OLK-FORCEINSPECTOROPEN:TRUE
BEGIN:VEVENT
CLASS:PUBLIC
UID:MEC-31914689514c64a97d950a8d9eea3eeb@bypatrioten.com
DTSTART:20231022T153000Z
DTEND:20231022T170000Z
DTSTAMP:20231004T201700Z
CREATED:20231004
LAST-MODIFIED:20260608
PRIORITY:5
SEQUENCE:3
TRANSP:OPAQUE
SUMMARY:Aalesunds Ungdomsmusikkorps: AaUM i hundre!
DESCRIPTION:Aalesunds Ungdomsmusikkorps inviterer til feiring av korpset sitt 100-årsjubileum med eit program som spenner over mange sjangrar og tidsperiodar. Der blir det mektig orkestermusikk, flotte solistar, show-sus – og ein marsj eller to. For ikkje å gløyme Tom Gontiers suverene bestillingverk som skildrar bybrannen.\n\nKorpset har engasjert ikkje mindre enn tre dirigentar til denne konserten:\n– Runar Tafjord – kjent frå Brazz Brothers og som både utøvar, pedagog, dirigent og orkesterleiar i mange samanhengar og i mange sjangrar. Dirigerte julekonsertane våre i 2021 og 2002 og er også engasjert for julekonserten 2023.\n– Stian Svendsen – mykje nytta dirigent både for symfoniorkester, m.a. Ålesund Symfoniorkester, Operaorkesteret i Kristiansund, Romsdalsorkesteret, korps og blåseensemble. Dirigerte korpset under NM Janitsjar i 2022 og 2023, og er også engasjert for 2024.\n– Tor Haram – den faste dirigenten til korpset frå 1980 til 1994, og han har også vore gjestedirigent ved seinare høve. Messingpedagog på Ålesund kulturskule frå 1978 til 2023(!) med waldhorn som hovudinstrument. Hornist i Ålesund Symfoniorkester.\n\nDesse tre har alle dirigert konsertar med korpset dei siste to, tre åra, og dei er garantistar for både kvalitet og variasjon i repertoaret.\n\nSolist er Marinette Tonning – Olsen, hornist i Kringkastingsorkesteret sidan 2012. Ho er tidlegare elev av Tor Haram. Byrja i Nørvasund (no Hatlane) skulekorps og var også medlem i Aalesunds Ungdomsmusikkorps i fleire år før ho drog ut for å studera musikk.\n
URL:https://bypatrioten.com/event/aaum-i-hundre/
ORGANIZER;CN=Parken kulturhus:MAILTO:billett@alesund.kommune.no
CATEGORIES:Musikk
LOCATION:Parkgata 3B, 6003 Ålesund
END:VEVENT
END:VCALENDAR
