BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
METHOD:PUBLISH
CALSCALE:GREGORIAN
PRODID:-//WordPress - MECv7.12.1//EN
X-ORIGINAL-URL:https://bypatrioten.com/
X-WR-CALNAME:Bypatrioten
X-WR-CALDESC:For en bedre by
REFRESH-INTERVAL;VALUE=DURATION:PT1H
X-PUBLISHED-TTL:PT1H
X-MS-OLK-FORCEINSPECTOROPEN:TRUE
BEGIN:VEVENT
CLASS:PUBLIC
UID:MEC-827ccb0eea8a706c4c34a16891f84e7b@bypatrioten.com
DTSTART:20230901T170000Z
DTEND:20230901T190000Z
DTSTAMP:20230824T182000Z
CREATED:20230824
LAST-MODIFIED:20230824
PRIORITY:5
SEQUENCE:2
TRANSP:OPAQUE
SUMMARY:Fjord Cadenza 2023: Heime hjå: Villa Fridheim (UTSOLGT)
DESCRIPTION:Velkomen til ei unik konsertoppleving, med Fjord Cadenza sitt konsept “Heime hjå” – kvar vi får kome inn i heimane til folk i vårt område og høyre deilig musikk. Denne gongen ønsker vi velkomen inn i Villa Fridheim, til musikk av Arvid Engegård og Christian Ihle Hadland. Vi gler oss!\n\nPå Nørve ligg Villa Fridheim ved Borgundvegen, i det som var Ålesunds første villaområde. Alle dei gamle villahagane på Nørve har store blodbøktre som vart planta same året. Blodbøktrea fargar området med sin karakteristiske, djupe burgunderfarge. Villa Fridheim er ein av dei eldste villaene i Ålesund. Bygd i 1898, er den seks år eldre enn bybrannen. Villa Fridheim er bygd i sveitserstil, som prega slutten av 1800-talet. Med fire meter under taket er huset optimalt for klassisk klang og musikalske opplevingar. Steinar og Anne Beate Giske totalrenoverte Villa Fridheim og førte ho tilbake til si opphavlege tilstand frå 1898. I dag er Villa Fridheim eigd av Are og Tina Prytz Berset. Are er styremedlem i Fjord Cadenza og med stor glede opnar han dørene sine for ei sjeldan musikalsk oppleving!\n\nOM ARTISTANE:\nArvid Engegård.\nFiolinisten vaks opp under både nordlys og mørketid i Bodø. Allereie som 11-åring leia Arvid sin første strykekvartett på konsertar rundt i Noreg, og var solist med orkester for første gong. Gjennom karrieren har han opptrådt som solist med ei rekkje anerkjente orkester rundt om i verda, og har vore ein gjengangar på Europas mest prestisjefylte kammermusikkfestivalar. Arvid var dessutan Fjord Cadenza sin første kunsteriske leiar, som 30-åring. I år er Fjord Cadenza 30, mens Arvid akkurat har feira 60-årsdag. Mest kjent er han nok som førstefiolinist i Engegårdkvartetten, oppkalt etter Arvid sjølv. Det siste halvanna tiåret har kvartetten etablert seg som ei av Noreg sin mest suksessrike kvartetter, og dei turnerer både i inn- og utland. Engegårdkvartetten får du høyre på to konsertar under årets festival.\n\nChristian Ihle Hadland.\nEin av Noregs fremste pianistar! Etter sin debutkonsert på Den Norske Opera & Ballett i 2008, vart han omtala som «en unik musikar hvis spel fortener å bli høyrt på alle verdas konsertscener».\nChristian gjorde sin Norgesdebut med Kringkastingsorkesteret som 15-åring, og har sidan spelt med alle leiande orkester i Noreg. Han har ved fleire høve vore solist med Oslo Filharmoniske Orkester, og han har gjesta Sveriges Radios Symfoniorkester, Stockholm Kungliga Filharmonikerna, Danmarks Radio Symfoniorkester, NDR Hannover, Helsinki Philharmonic, Det Svenske Kammerorkester og fleire andre.\nI 2011 vart han utnemnd til BBC New Generation Artist, og i perioden 2011-2013 fekk han spele med alle BBC-orkestra, i tillegg til å gjere kammermusikk og solokonsertar i regi av talentprogrammet. BBC-perioden var ein samanhengande suksess som skapte stor begeistring. Den britiske anmeldaren David Nice skreiv: “Det er overhovudet ingen tvil: Nok en distinkt personlegheit blant topp pianistar har erobra podiet.”\n
URL:https://bypatrioten.com/event/fjord-cadenza-2023-heime-hjp-villa-fridheim-utsolgt/
ORGANIZER;CN=Fjord Cadenza:MAILTO:post@fjordcadenza.com
CATEGORIES:Festival,Kultur,Musikk
LOCATION:Borgundvegen 223A, 6008 Ålesund
END:VEVENT
END:VCALENDAR
