BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
METHOD:PUBLISH
CALSCALE:GREGORIAN
PRODID:-//WordPress - MECv7.12.1//EN
X-ORIGINAL-URL:https://bypatrioten.com/
X-WR-CALNAME:Bypatrioten
X-WR-CALDESC:For en bedre by
REFRESH-INTERVAL;VALUE=DURATION:PT1H
X-PUBLISHED-TTL:PT1H
X-MS-OLK-FORCEINSPECTOROPEN:TRUE
BEGIN:VEVENT
CLASS:PUBLIC
UID:MEC-3556a3018cce3076e27dbbf9645b44d5@bypatrioten.com
DTSTART:20230908T180000Z
DTEND:20230908T190000Z
DTSTAMP:20230614T203700Z
CREATED:20230614
LAST-MODIFIED:20230614
PRIORITY:5
SEQUENCE:2
TRANSP:OPAQUE
SUMMARY:Lena Nymark: Papirfly
DESCRIPTION:Når Lena Nymark lanserar sitt tredje soloalbum, drar ho lyttaren inn i eit eigekomponert, suggererande univers vi veit du ikkje vil gå glipp av!\n\nAt Lena Nymark har både råskap og mangfald i sitt kunstnarskap, blei i vår bekrefta då ho mottok prestisjetunge arbeidsstipendet for kunstnarar, som Staten berre gir dei beste. Ho har tilhald i kunstnarfelleskapet Aggregat i Ålesund, kor ho utøvar prosjekt innan musikk, kunst og teater.\n\nDet er Parken kulturhus som har tinga dette verket frå den begava jazzvokalisten, elektroartisten, musikaren og lydkunstnaren frå Sula. Ho presenterar eit verk som slår modig i frå seg og vi spår at lyttaren vil kjenne korleis musikken verkeleg brøytar og bølgar seg veg gjennom steile blokkeringar mot rein, skjær forløysing. Lydbiletet, slik det ytrar seg på plate, forflyttar seg frå det tette, organiske og klangfulle, mot eit meir forstoppa stakkato, før det flyt over i noko meir rommeleg elektrisk.\n\nKorleis ensemblet vil drive fram energien frå plata i konsertformat, veit berre den som sett seg i salen og lyttar til dette duggfriske, drivande og rett ut inspirerande lyduniverset! At også videokunstner Mateo Christensen er invitert med inn for å vise si visuelle tolkning av lydbiletet, sett ei særleg spanande ramme for eit verk som allereie kler dei store salar.\n\nLena Nymark behersker sjølv all treblås, synth og trombone, men har invitert inn kollegaer som ho meiner kan tilføre prosjektet den energi ho jaktar på. Ho skildrar at ho har jobba inn mot den mest åpne staden i seg sjølv. Det er her ho kan møte det som er av lyd i ho, kjenne hva som skjer, kvar lyden leiar og drar medan ho komponerar. Så treng ho djupare inn, i lag med musikarar som kan halde rom for alt det åpne. Det fordrar kollegaer som kan bli med inn i alt det Nymark har komponert, og gå det i møte, både med ei fri haldning og disiplin.\nNår Nymark ønska Jørgen Træen, ved Duper Studio i Bergen, som produsent for plata, var det i tru om at han kunne bringe inn både det opne og intense, men også det strenge som krevst for kvalitet. Træen er renomert for sitt arbeid med artistar som Jaga jazzist, Kaizers og Sondre Lerche, og har nok vore eit smart val!\nLena Nymark har over fleire tiår vist seg som ein leiken og utforskande musiker, utan behov for merkelappar. Ho er utdanna musikkpedagog fra Noregs musikkhøgskole, og logoped fra NTNU. Med plata Papirfly visar ho seg på sitt mest kompromisslause, og demonstrerar kor mykje ho har å spele på som artist og komponist.\n\nMedvirkande:\nErik Johannesen: Trombone, synther\nBjørn Thevik: Synther\nKarl Hjalmar Nyberg: Saksofon, klarinett, synther.\nØyvind Skarbø: Trommer\n\nKonserten er støtta av:\nKomponistenes vederlagsfond, Norsk kulturråd, Sparebankstiftelsen SMN, Møre og Romsdal fylke, Kulturdirektoratet\n
URL:https://bypatrioten.com/event/lena-nymark-papirfly/
ORGANIZER;CN=Parken kulturhus:MAILTO:billett@alesund.kommune.no
CATEGORIES:Kultur,Musikk
LOCATION:Parkgata 3B, 6003 Ålesund
END:VEVENT
END:VCALENDAR
