BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
METHOD:PUBLISH
CALSCALE:GREGORIAN
PRODID:-//WordPress - MECv7.12.1//EN
X-ORIGINAL-URL:https://bypatrioten.com/
X-WR-CALNAME:Bypatrioten
X-WR-CALDESC:For en bedre by
REFRESH-INTERVAL;VALUE=DURATION:PT1H
X-PUBLISHED-TTL:PT1H
X-MS-OLK-FORCEINSPECTOROPEN:TRUE
BEGIN:VEVENT
CLASS:PUBLIC
UID:MEC-08e5d8066881eab185d0de9db3b36c7f@bypatrioten.com
DTSTART:20230902T170000Z
DTEND:20230902T183000Z
DTSTAMP:20230612T144200Z
CREATED:20230612
LAST-MODIFIED:20260608
PRIORITY:5
SEQUENCE:2
TRANSP:OPAQUE
SUMMARY:Fjord Cadenza 2023: Engegårdkvartetten med Schubert og Grieg
DESCRIPTION:\n\n\nEngegårdkvartetten såg dagens lys under midnattssola i Lofoten i 2005 og vart raskt eit av dei mest ettertrakta kammermusikensemblea i Noreg. Kvartetten sine modige og friske tolkingar av det klassiske repertoaret, kombinert med ei djuptfølt tilknyting til dei skandinaviske røtene sine, gav han, heilt frå starten, internasjonal anerkjenning og inspirerte til innovative program og samarbeid.\nKvartetten har gitt ut fleire CD-ar som har fått positiv mottaking både nasjonalt og internasjonalt. Dei har òg opptrådt på konsertscener i heile Norden, samt i land som Østerrike, Tsjekkia, Sveits, Tyskland, Colombia, Brasil, Storbritannia, Danmark, Skottland og Ungarn. Dei har deltatt på kjende festivalar og samarbeidd med ei rekkje anerkjente musikarar innan ulike sjangrar.\n\n\n\n\n\n\n“Her har vi truleg fått tolkinga som Grieg-elskarar har venta på”— TULLY POTTER\n\n\n\n\n\nEngegårdkvartetten har også engasjert seg i samtidsmusikk og utvida strykekvartettrepertoaret gjennom bestillingsverk og urframføringar av norske og internasjonale komponistar. Medlemmane av kvartetten er òg aktive i å fremje kammermusikken i Noreg gjennom festivalar, undervisning og samarbeid med amatør- og ungdomsmusikarar.\nI tillegg arrangerer kvartetten årleg minifestivalen ”…på 1-2-3” i Oslo, der kvar festival har fokus på ein enkelt komponist. Festivalen samlar både etablerte og unge musikarar og legg vekt på å fremje talentfulle musikarar.\nEngegårdkvartetten har òg eit langvarig samarbeid med Oslo Kvartettforening, der dei underviser amatørmusikarar gjennom helgekurs og gir dei høve til å spele kammermusikk saman.\nArvid Engegård – fiolin\nLaura Custodio Sabas – fiolin\nJuliet Jopling – bratsj\nJan Clemens Carlsen – cello\nInstrument:\nArvid Engegård spelar på ein Jean Baptiste Vuillaume-fiolin (1858), lånt av Dextra. Laura Custodio Sabas spelar på ein Jean Baptiste Vuillaume-fiolin (1857). Juliet Jopling spelar på ein Giuseppe Guadagnini-bratsj (1770). Jan Clemens Carlsen spelar på ein Giacomo Zanoli-cello (1737), lånt av Dextra.\n\n\n\n
URL:https://bypatrioten.com/event/fjord-cadenza-2023-engegardkvartetten-med-schubert-og-grieg/
ORGANIZER;CN=Fjord Cadenza:MAILTO:post@fjordcadenza.com
CATEGORIES:Festival,Kultur,Musikk
LOCATION:6260 Skodje
END:VEVENT
END:VCALENDAR
